Det blei tidenes juleferie med
vennebesøk, eksamen, radiojobbing og jul i Norge, bryllup og nyttårsfeiring i Thailand,
og ei veke med litt jobb og mange eventyr med vener i Etiopia.
Med på karavaneturen frå Nairobi til Durban,
var filmskaparen Jack frå Kenya.
Han har no laga ein dokumentar av heile den lange reisa.
Innimellom klippa finn de også bilde som eg har tatt.
Ei lita helsing frå Lusaka, hovudstaden i Zambia. Det er travle dagar på karavanetur, ikkje berre fordi vi er med på mange konsertar og stunts, men også fordi vi køyrer så langt. Mange dagar har vi stått opp i fire-fem tida for så å køyre heile dagen til neste by. Eg rekk difor ikkje å blogge noko særleg, men Kirkens Nødhjelp legg ut bilder og artiklar eg skriv på sine heimesider. Les dei her!
Når eg skriv dette, køyrer vi inn i Dar es Salaam i kveldsrushet. Vi har vore på vegen heile dagen. Vi stod opp kl 3 i natt, og satte oss i bussane litt før seks. I morgontimane passerte vi Kilimanjaro - for eit fjell. Vi stoppa i vegkanten, og fekk sjå ein fjelltopp med snø på. Eit snødekke som blir mindre og mindre kvart år på grunn av klimaendringane.
Eg har tidlegare klaga over at Herr Kobbeltvedt får reist mykje meir enn meg. Det skal eg ikkje gjere meir. For i morgo reiser eg til Kenya for å vere med på ei reise gjennom Kenya, Tanzania, Malawi, Zambia og Botswana til Sør-Afrika. Saman med 160 ungdommar frå Afrika og Noreg, skal eg vere med på ei klimakaravane som skal gå frå Nairobi til Durban.