tirsdag 8. november 2011

Store fjell og store draumar

Når eg skriv dette, køyrer vi inn i Dar es Salaam i kveldsrushet. Vi har vore på vegen heile dagen. Vi stod opp kl 3 i natt, og satte oss i bussane litt før seks. I morgontimane passerte vi Kilimanjaro - for eit fjell. Vi stoppa i vegkanten, og fekk sjå ein fjelltopp med snø på. Eit snødekke som blir mindre og mindre kvart år på grunn av klimaendringane.



Fjellet er like fint, men for folka i området rundt får snøsmeltinga når elvene blir fulle av vatn. Kilimanjaro blei ei påminning på kva for ei reise vi er på - ei reise for å stoppe klimaendringane. Dei 160 ungdommane i karavanen har store draumar. Dei vil få verdas leiarar til å få til ei ny klimaavtale i Durban. Dit er vi på veg. Med Kilimanjaro på netthinna.




2 kommentarer:

  1. Fine bilder. God tur videre søss!

    SvarSlett
  2. Takk! Rekker ikkje blogge så mykje, men skriver saker frå kvart land her: http://www.kirkensnodhjelp.no/no/Engasjer-deg/gjor-en-forskjell/afrikansk-klimakampanje/

    Sjekk også ut Kirkens Nødhjelp på facebook, dei legg også ut mine bilder.

    SvarSlett

Lest bloggen min? Skriv ein kommentar!