mandag 28. januar 2013

SHOSHOLOZA BAFANA BAFANA!

Sør-Afrika er for tida vertskap for African Cup of Nations, men få her hadde forventa at det sørafrikanske landslaget, Bafana Bafana, skulle gjere det særleg bra. No har dei likevel klart å karre seg vidare frå gruppespelet til kvartfinalen.

Førre helg var vi på opningssermonien på Soccer City og fekk med oss kampen mellom Bafana Bafana og Kapp Verde.
Her er ein stemningsrapport:



Shosholoza betyr "gå framover"og syngast ofte på kampar (resten av bråket er vuvuzelaer). 

tirsdag 22. januar 2013

Etiopia

Ei veke i Etiopia er alt for lite,
men likevel nok til å få ein smak av eit land
med nydeleg natur og ei stolt historie
(og ikkje minst - fantastisk kaffe!)


Glimt frå Lalibela, Wanchi Crater Lake og Addis Ababa. 
Meir kjem etterkvart.


fredag 18. januar 2013

(Halve) jorda rundt på (ca) 30 dagar





























Det blei tidenes juleferie med
vennebesøk, eksamen, radiojobbing og jul i Norge,
bryllup og nyttårsfeiring i Thailand,
og ei veke med litt jobb og mange eventyr med vener i Etiopia.

Puh. Godt å vere "heime" igjen i palmegata også.