Viser innlegg med etiketten Vinter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vinter. Vis alle innlegg

mandag 21. mai 2012

Snuoperasjon

Så har det snudd.
Det er ikkje lenger varmare her enn heime.

Den rare vinteren i Sør-Afrika har kome med
5 grader om morgonen,
gassovnar og
ullundertøy.

Det er
kaldt i huset
og varmt i sola.

Vinteraktivitetar: *Te og pledd på Duncan. *Strikke vottar. *Bruke dei fine ulltøflane frå Ove. *Evakuere ut på verandaen for å bli varm av sola.