lørdag 29. september 2012

God bok: Exploded View




Av og til finn ein bøker som skildrar staden ein bur
på ein måte som gjer at ein ser den klarare.
Ivan Vladislavic skriv vanlegvis bøker frå Johannesburg,
men Exploded View er frå strekningen mellom Jo'burg og Pretoria.
Eit landskap av reklameplakatar, asfalt og overdådige hus og skur om kvarandre.

I fem noveller skildrar Vladislavic alle desse sidene
på ein måte som gjer ein beklemt.
Litt fordi vi bur oppi alt dette sjølv,
litt fordi han tørr å skrive om forakta mange her kjenner
for dei på andre sida av gjerdet.




onsdag 26. september 2012

Saman i kampen mot hiv



























Då vi var ei veke i Lesotho, brukte eg tida på å få gjort intervju til eit par saker eg hadde lyst til å skrive. 
Ein av dei eg traff var 26 år gamle Kuena, som har engasjert seg for å gje ungdom meir kunnskap om hiv og aids.
Over 23 prosent av den vaksne befolkninga i Lesotho er hiv-positive, men dei siste åra har trenden snudd og færre blir smitta. 
Les meir om kvifor i denne artikkelen som eg har skrive for Framtida.no og Magasinett

søndag 16. september 2012

Vårstorm

Vårstorm og eit stykk vettskremt pus

























Det går mot sommar, og sommar i Sør-Afrika betyr kraftige regnskyll på kvelden.
Men hagl og kvit plen - er det eit vårteiken?