Kvar veke køyrer vi opp og ned Charles Street,
men frå og med mai månad heiter den ikkje det lenger.
Då vi kom til Sør-Afrika stussa eg over at ein framleis fann gater som var kalla opp etter sentrale apartheid-politikarar.
Ein del av Nelson Mandelas forsoningsstrategi var at ein ikkje skulle ta frå den kvite minoriteten symbol som var viktige for dei. Difor fekk rugbylandsaget behalde namnet sitt og dei grøne skjortene. Og nokre gatenamn skulle bli ståande, resten skulle byttast ut gradvis.
Nå har myndigheitene bytta ut 27 gamle gatenamn til med namn på frigjeringsheltar.
Florence Riberio til dømes, hjalp unge som hadde flykta i eksil under apartheid med pengar og anna hjelp. Ho blei drept av spesialstyrkar i 1986.
Charles Street heiter nå Justice Mohammed Street.
Pretoria er også eit namn med klang i ei vond historie for fleirtalet her.
Kanskje forsvinn også det namnet snart heilt?
Kommunen har allereie bytta namn til Tshwane.