Viser innlegg med etiketten God bok. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten God bok. Vis alle innlegg

lørdag 29. september 2012

God bok: Exploded View




Av og til finn ein bøker som skildrar staden ein bur
på ein måte som gjer at ein ser den klarare.
Ivan Vladislavic skriv vanlegvis bøker frå Johannesburg,
men Exploded View er frå strekningen mellom Jo'burg og Pretoria.
Eit landskap av reklameplakatar, asfalt og overdådige hus og skur om kvarandre.

I fem noveller skildrar Vladislavic alle desse sidene
på ein måte som gjer ein beklemt.
Litt fordi vi bur oppi alt dette sjølv,
litt fordi han tørr å skrive om forakta mange her kjenner
for dei på andre sida av gjerdet.




tirsdag 29. mai 2012

God bok: Country of My Skull

Den største leseopplevinga det siste halvåret fekk eg då eg las boka "Country of My Skull" av Antjie Krog. Det er også boka som har lært meg mest om Sør-Afrika og såra etter apartheid.

Country of My Skull handlar om arbeidet til Sannings- og forsoningskommisjonen, ein tribunal der både ofra og overgriparane fortalte si historie. Krog er ein kjent forfattar i Sør-Afrika, men dekte kommisjonen sitt arbeid som radiojournalist for SABC.

Boka er delvis ei samling vitnemål frå begge sider, og Krog sine refleksjonar rundt si eiga rolle som journalist og kvit sørafrikanar. Den er poetisk og journalistisk på same tid.

Vitnemåla frå offera er grusomme, og eg tok meg ofte å å tenke - dette visste eg ikkje. Men også: dette bør eg vite. Det var også mykje av poenget med sanningskommisjonen - at alle skulle få vite kva for overgrep som hadde skjedd, at både ofre og overgriparar skulle fortelje, og at ein så skulle gå vidare og starte forsoninga.

Kor vellukka kommisjonen var, er omdiskutert. Forsona er vertfall ikkje landet enno.




mandag 19. desember 2011

God bok: When rain clouds gather

Førre veke var vi på safari i Botswana, og då kom eg på at eg hadde tenkt å anbefale ei bok frå dette tørre, tørre landet.


Då karavanen kjørte gjennom Botswana for nokre veker sidan, satt eg i bussen og las boka "When rain clouds gather" av Bessie Head.

fredag 7. oktober 2011

God bok: The Classifier

Som husfruer flest, har eg tatt mål av meg å lese mange bøker på fritida (eg har til og med blitt med i ein bokklubb!). Eg synes også det er stor hjelp i å lese sørafrikanske forfattarar for å skjøne meir av landet vi har flytta til. "God bok" skal difor bli ei fast spalte her på bloggen, der eg skriv om afrikanske bøker eg har lest. Kanskje eg kan inspirere nokon til å kjøpe ei bok av ein afrikansk forfattar neste gong de er i ein bokhandel? Det hadde vore fint. 


Fyrst ut:
The Classifier av Wessel Ebersohn
Boka handlar om Chris som vekst opp i Durban på 1970-talet. Faren hans jobbar som "classifier" på raseinndelingskontoret, eit kontor som bestemmer kven som skal få lov til å leve som kvite, og kven som blir plassert i andre kategoriar. Når Chris forelskar seg i ei ei farga jente, skjønar vi raskt at dette kjem til å ende i katastrofe. På den tida var det uloveleg for kvite å innleie forhold til menneske frå andre raser. Og faren til Chris er fast i trua på at ein må oppretthalde rasesystemet for å verne om det kvite mindretalet dei som Afrikaanerar tilhøyrer. Difor må Chris skjule forholdet til Ruthie frå faren. Ein far som han både elskar og fryktar.

The Classifier er godt skrive, og vekslar mellom alvorlege tema og humoristiske skildringar frå ein ung gut sin kvardag. Eg mistenker at boka er ganske sjølvbiografisk, sjølv om Ebersohn insisterar på at den er fiksjon. Ei god bok om rasesystemet sine mange sider er det uansett.