Som husfruer flest, har eg tatt mål av meg å lese mange bøker på fritida (eg har til og med blitt med i ein bokklubb!). Eg synes også det er stor hjelp i å lese sørafrikanske forfattarar for å skjøne meir av landet vi har flytta til. "God bok" skal difor bli ei fast spalte her på bloggen, der eg skriv om afrikanske bøker eg har lest. Kanskje eg kan inspirere nokon til å kjøpe ei bok av ein afrikansk forfattar neste gong de er i ein bokhandel? Det hadde vore fint.
Fyrst ut:
The Classifier av Wessel Ebersohn
Boka handlar om Chris som vekst opp i Durban på 1970-talet. Faren hans jobbar som "classifier" på raseinndelingskontoret, eit kontor som bestemmer kven som skal få lov til å leve som kvite, og kven som blir plassert i andre kategoriar. Når Chris forelskar seg i ei ei farga jente, skjønar vi raskt at dette kjem til å ende i katastrofe. På den tida var det uloveleg for kvite å innleie forhold til menneske frå andre raser. Og faren til Chris er fast i trua på at ein må oppretthalde rasesystemet for å verne om det kvite mindretalet dei som Afrikaanerar tilhøyrer. Difor må Chris skjule forholdet til Ruthie frå faren. Ein far som han både elskar og fryktar.
The Classifier er godt skrive, og vekslar mellom alvorlege tema og humoristiske skildringar frå ein ung gut sin kvardag. Eg mistenker at boka er ganske sjølvbiografisk, sjølv om Ebersohn insisterar på at den er fiksjon. Ei god bok om rasesystemet sine mange sider er det uansett.
SÅ bra! Gir inspirasjon til både lesesirkel og bokring
SvarSlett