Eg trur det er få folk i verda som et så mykje brød som nordmenn. Vi et brød til både frukost, lunsj og kveldsmat, og av og til også innat middag. Brødet skal helst vere av den grove sorten, og då vi kom til Sør-Afrika byrja vi difor jakta på
GROVBRØD.
Den blei enklare enn frykta. Det finns eit par supre bakeri her i Pretoria med kjempegodt brød, men det blir ganske dyrt i lengda. På den lokale Spar-butikken finn du også grovbrød, om du leitar godt. Det ligg gøymt og ferdigoppskjært nedst i ei hylle. Men etter å ha ete det i eit par veker, slutta vi. Det blei rett og slett for skummelt. Brødet myglar nemleg ALDRI.
 |
| Skummelt Spar-brød |
 |
| Mitt brød |
Slikt blir eg skremt av. Kva skjuler det seg eigentleg i brød som aldri myglar? Folk her blir skremt av det motsette ser det ut til. For då eit nytt bakeri blei opna for eit par veker sidan, åtvara ein matskribent i avisa Mail&Guardian om at bakeriet berre selde brød som mygla fort.
Som de sikkert har skjønt: Dette innlegget er sjølvsagt berre ein unnskyldning for å skryte av husmorevnene mine. No har eg nemleg begynt å bake brød sjølv. Då får vi det akkurat som kresne nordmenn vil ha det.