mandag 30. april 2012

Kjøttfri måndag: Solskinnspai

Sidan eg trass alt er heimeverande husmor og lagar middag dei fleste dagane i veka,
tenkte eg at det kunne passe med eit middagsinnlegg.

Kjøttfri måndag er eit eit veldig bra konsept, som mellom andre Grønn hverdag står bak.
Om du vel vegetarisk istaden for kjøt ein gong i veka, reduserer du CO2-utsleppa dine med 170 kg i året.Og om alle i Norge gjorde det same, ville det tilsvara utsleppa til 360.000 bilar.

Grunn nok til å spreie nokre vegetaroppskrifter på bloggen vertfall.
God kjøttfri måndag! 






Solskinnspai 
Fyll: 1 boks kidneybønner, 1 aubergine i terninger, 2 fedd hakka kvitlauk (kan droppast), 1 glass soltørkede tomater i olivenolje, 2 dl frosne eller friske erter, 4 egg, 1 dl rismelk (eller vanleg mjølk), sorte oliven uten stein, 1 ts revet muskatnøtt, litt salt og pepper, 1 ts timian. 


Paideig kan lagast på mange måtar. Eg bruker denne oppskrifta: 
2 dl sammalt kveite, 2 dl kveitemjøl, 50 g smør, 2 dl hytteost, 1 ss kaldt vann. Bland saman, gjerne i foodprosessor. Kjevle ut eller klem ut i ei paiform, prikk botnen godt og sett deigen i kjøleskap i minst 30 min eller i fryseren i 10-15 min. Forstei paiskallet midt i ovnen på 200 C i ca 12 min. 


  • Varm opp kokosolje eller olivenolje i ei gryte. Ha ei aubergineterningane, kvitlauken, timian og litt salt. 
  • Sil av olja av dei soltørka tomatene og skjer dei i små bitar
  • Pisk egg med rismjølka, muskatnøtt og litt pepper.
  • Legg auberginerblandinga i paiskalet, så kidneybønner, soltørkatomater, erter oliven og tomater på toppen til pynt. Hell over eggeblandinga til slutt.
  • Steik på 180 C i ca 30-40 min til massa er gyllen. 
Server med ein god salat til.








1 kommentar:

Lest bloggen min? Skriv ein kommentar!