Vi hadde høyrt om Sani Pass,
grenseovergangen frå Sør-Afrika til Lesotho,
og om kor dårleg og skummel vegen opp dit var.
Difor måtte vi jo prøve. Og kven passa betre å ta med seg
enn fjellgeitene Aasta og Ove?
Sjølv om det har blitt haust her i Pretoria
er det ikkje lett å få påskestemning
utan skiføre og kalde appelsiner i sekken,
og med skjærtorsdag som vanleg arbeidsdag.
Difor jaktar vi på påskestemninga,
så godt vi kan.
- Vi er erfarne fjellfolk, lova vi, og fekk kjentmannen til å teikne opp eit kart over turen opp til Mt Sterkhorn. Planen var å komme seg opp til toppen (2970 moh), litt høgare enn sist vi var i Drakensberg.
Ei historie har alltid to sider. På bildene frå Drakensberg ser det kanskje ut som om vi hadde ein grei tur i lett terreng. Men slik var det ikkje. Iallefall ikkje for Herr Kobbeltvedt som har skaffa seg personleg trenar, og som hadde tatt 160 kg i beinpress dagen før.
Etter ankomst til Sør-Afrika har Herr Kobbeltvedt vore på tur til både Cape Town, Durban og ikkje minst Madagaskar. Førre helg var difor målet at også underteikna skulle få sett litt meir av landet vi har flytta til - og at vi skulle få brukt turskoa.
Trykk på videoen under for å bli med oss til Drakensberg!