Viser innlegg med etiketten Dyrene i Afrika. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dyrene i Afrika. Vis alle innlegg

mandag 15. april 2013

NÆRE PÅ

På gå-safari kjem ein tettare på både bushen og dyra.
Vi synast det var spanande nok då vi fekk betrakte desse nashorna på kort avstand:



Seinare viste det seg at det er dette som er å kome tett på:

onsdag 3. april 2013

EI HISTORIE OM NASHORN - OG ANDRE ARTIGE FOLK

Å reise på safari med denne gjengen fører til mange minneverdige augneblikk

tirsdag 8. mai 2012

- Eg vil klappe ei løve!

- Eg vil klappe ei løve!
Det var det einaste ønsket min bror (25) hadde då han kom til besøk til oss i Sør-Afrika.
Så difor reiste vi til ein park der han fekk klappe både løver og gepardar.

Neste gong får han nøye seg med ein vanleg safaritur, trygt inne i ein bil.


























Les heile historia på dagbladet.no. 

lørdag 17. mars 2012

Oscar-show

I kategorien "dyre ting ein ikkje treng"
legg eg no til katteleiker frå butikk.
Alt Oscar treng, er eit blad frå hagen og ei rye.
Så blir det Oscar-show på ein vanleg torsdagskveld.


søndag 5. februar 2012

Maur, maur, maur

Gløym ei skål med kattemat på golvet.
La den stå i mellom 15 min og ein time.
Fjern maurtua.

tirsdag 18. oktober 2011

Kval til frukost

I Kalk Bay kan ein sitte på eit nydleg lite gjestehus, ete god frukost, og sjå på kvalar som leikar seg nede i fjæra. Det har vi gjort i helga.





tirsdag 27. september 2011

Møt Oscar

Familien Svendseid/Kobbeltvedt har fått eit nytt familiemedlem: Oscar!



Oscar (1) blei funne på gata saman med systera si då han var liten kattunge. Snille mennesker tok han med til ei gammal dame som heiter Avril, som driver organisasjonen CATS' 9 LIVES. Sidan då har Oscar budd heime hos Avril saman med andre forlatne katter.

På søndag var vi og helsa på han, og på mandag henta vi han heim til oss. Fyrst gøymte han seg under eit teppe, men no maler han og utforskar sin nye heim.