tirsdag 13. november 2012

Etter Marikana


Kyrkjeleiarar samla på haugen der gruvearbeidarane blei drepne.



























Dagen før vi skulle reise frå Oslo og tilbake til Sør-Afrika etter sommarferien, fekk vi høyre vi at 34 gruvearbeidarar hadde blitt drepne i Marikana-gruva utanfor Johannesburg. I månadane etter har massakren og gruvestreikane prega både Sør-Afrika og Kirkens Nødhjelp sitt arbeid her. Kyrkjerådet og organisasjonen Bench Marks, som begge får støtte frå Kirkens Nødhjelp, blei nemleg sentrale i forhandlingane mellom gruveselskapet og arbeidarane i Marikana. 

I denne utgåva av Kirkens Nødhjelp-magasinet skriv eg om det viktige arbeidet desse partnarane har gjort - og framleis gjer - for gruvearbeidarane. 

mandag 12. november 2012

Frå Volda til Cape Town



























Dei siste vekene har vi hatt storfint besøk, fyrst frå Volda og no frå Oslo. Veldig fint å sjå gode vener igjen, og fint å få  ein grunn til å ta fri frå jobb slik at ein kan klatre opp på Lion's Head for å sjå på solnedgongen.

For mange fleire bilder, sjå facebookalbumet til Herr Kobbeltvedt. 

mandag 15. oktober 2012

Å springe gjennom Alexandria

Kobbeltvedt med følgje i fint driv gjennom Alexandria.


























Førre helg var vi med på eit løp gjennom ytterkantane av Johannesburg. 
We Run Jozi starta i rikingbydelen Sandton, gjekk så over vegen til den fattige townshipen Alexandria og endte opp på motorvegen M1. Utanom reklame for eit visst skomerke, var poenget med løpet å få følk til å springe i bydelar dei ellers ikkje ville bevega seg i (det førre løpet gjekk gjennom Hillbrow på kveldstid).

Med 20.000 deltakrar blei det meir gåing enn springing gjennom smale gater, men då fekk ein også tid til å helse på folk undervegs, hoppe over rotter og høyre musikk frå gudstenester som var i full gong. Eller reflektere litt over kor absurd det er at det berre er ein liten løpetur mellom verdas rikaste og fattige.

fredag 12. oktober 2012

Meir tørke, mindre mat



























I dag har eg ei sak i magasinet Ny Tid om korleis klimaendringane trugar matvartryggleiken i Lesotho. Eit år med tørk og eit med flom har øydelagt avlingane, og over 700.000 menneske kan komme til å trenge humanitær hjelp dei neste månadane.

Klimaendringane er ikkje den einaste årsaka, men dei har gjort forholda i landbruket enda verre.
Eg har snakka med ein bonde som prøver å verne avlingane sine mot ekstremvêr.
















Ny Tid kan kjøpast elektronisk her
(eller i papirutgåve i butikken, sjølvsagt).

onsdag 3. oktober 2012

Grevling i taket

Det er på slike dagar,
når varmtvannstanken sprekker
og det renner gjennom soveromstaket,
at ein er glad for at ein leiger og ikkje eiger
hus i Sør-Afrika.



mandag 1. oktober 2012

God FILM: Sør-Afrika

For folk som snart kjem på besøk
og andre som likar film og Sør-Afrika,
her er eit knippe filmar det går ann å sjå.

























Andre som har tips til gode filmar om eller frå Sør-Afrika? 
The Guardian har forresten Meanwhile in Mamelodi på lista over 10 afrikanske filmar "to watch out for".

lørdag 29. september 2012

God bok: Exploded View




Av og til finn ein bøker som skildrar staden ein bur
på ein måte som gjer at ein ser den klarare.
Ivan Vladislavic skriv vanlegvis bøker frå Johannesburg,
men Exploded View er frå strekningen mellom Jo'burg og Pretoria.
Eit landskap av reklameplakatar, asfalt og overdådige hus og skur om kvarandre.

I fem noveller skildrar Vladislavic alle desse sidene
på ein måte som gjer ein beklemt.
Litt fordi vi bur oppi alt dette sjølv,
litt fordi han tørr å skrive om forakta mange her kjenner
for dei på andre sida av gjerdet.




onsdag 26. september 2012

Saman i kampen mot hiv



























Då vi var ei veke i Lesotho, brukte eg tida på å få gjort intervju til eit par saker eg hadde lyst til å skrive. 
Ein av dei eg traff var 26 år gamle Kuena, som har engasjert seg for å gje ungdom meir kunnskap om hiv og aids.
Over 23 prosent av den vaksne befolkninga i Lesotho er hiv-positive, men dei siste åra har trenden snudd og færre blir smitta. 
Les meir om kvifor i denne artikkelen som eg har skrive for Framtida.no og Magasinett

søndag 16. september 2012

Vårstorm

Vårstorm og eit stykk vettskremt pus

























Det går mot sommar, og sommar i Sør-Afrika betyr kraftige regnskyll på kvelden.
Men hagl og kvit plen - er det eit vårteiken?





tirsdag 29. mai 2012

God bok: Country of My Skull

Den største leseopplevinga det siste halvåret fekk eg då eg las boka "Country of My Skull" av Antjie Krog. Det er også boka som har lært meg mest om Sør-Afrika og såra etter apartheid.

Country of My Skull handlar om arbeidet til Sannings- og forsoningskommisjonen, ein tribunal der både ofra og overgriparane fortalte si historie. Krog er ein kjent forfattar i Sør-Afrika, men dekte kommisjonen sitt arbeid som radiojournalist for SABC.

Boka er delvis ei samling vitnemål frå begge sider, og Krog sine refleksjonar rundt si eiga rolle som journalist og kvit sørafrikanar. Den er poetisk og journalistisk på same tid.

Vitnemåla frå offera er grusomme, og eg tok meg ofte å å tenke - dette visste eg ikkje. Men også: dette bør eg vite. Det var også mykje av poenget med sanningskommisjonen - at alle skulle få vite kva for overgrep som hadde skjedd, at både ofre og overgriparar skulle fortelje, og at ein så skulle gå vidare og starte forsoninga.

Kor vellukka kommisjonen var, er omdiskutert. Forsona er vertfall ikkje landet enno.




onsdag 23. mai 2012

What's in a name?



























Kvar veke køyrer vi opp og ned Charles Street, 
men frå og med mai månad heiter den ikkje det lenger.

Då vi kom til Sør-Afrika stussa eg over at ein framleis fann gater som var kalla opp etter sentrale apartheid-politikarar. 
Ein del av Nelson Mandelas forsoningsstrategi var at ein ikkje skulle ta frå den kvite minoriteten symbol som var viktige for dei. Difor fekk rugbylandsaget behalde namnet sitt og dei grøne skjortene. Og nokre gatenamn skulle bli ståande, resten skulle byttast ut gradvis. 

Nå har myndigheitene bytta ut 27 gamle gatenamn til med namn på frigjeringsheltar.
Florence Riberio til dømes, hjalp unge som hadde flykta i eksil under apartheid med pengar og anna hjelp. Ho blei drept av spesialstyrkar i 1986.

Charles Street heiter nå Justice Mohammed Street.
Pretoria er også eit namn med klang i ei vond historie for fleirtalet her.
Kanskje forsvinn også det namnet snart heilt?
Kommunen har allereie bytta namn til Tshwane.

mandag 21. mai 2012

Snuoperasjon

Så har det snudd.
Det er ikkje lenger varmare her enn heime.

Den rare vinteren i Sør-Afrika har kome med
5 grader om morgonen,
gassovnar og
ullundertøy.

Det er
kaldt i huset
og varmt i sola.

Vinteraktivitetar: *Te og pledd på Duncan. *Strikke vottar. *Bruke dei fine ulltøflane frå Ove. *Evakuere ut på verandaen for å bli varm av sola. 

Kjøttfri måndag: Butternutsuppe

Psst.. Det er eigentleg Herr Kobbeltvedt 
som er best til å lage middagsmat her i huset. 
Butternut-suppe for eksempel.
Fy søren så godt!

























Her er oppskrifta.

torsdag 17. mai 2012

Hipp, hipp hurra!


Nokre glimt frå den norske koloniens
17.mai-feiring her i Pretoria.

Gratulerer med dagen!

onsdag 16. mai 2012

Bunadspar


Dagen før dagen handlar vanlegvis om å stryke bunadsskjorter og fjerne flekkar frå stakken, om ein gløymte det i fjor. Sidan bunaden ikkje er innan rekkevidde, får eg dele denne artikkelen i staden. 

I artikkel fortel dama frå Husfliden at fleire og fleire menn i 20-årsalderen skaffar seg bunad. Ho synest også å merke at også motebevisste menn no vel bunad, og legg til: "Blant dei som er eldre trur eg mange har lyst til å matche kona."

Kjenner du deg att Herr Kobbeltvedt? 







tirsdag 8. mai 2012

- Eg vil klappe ei løve!

- Eg vil klappe ei løve!
Det var det einaste ønsket min bror (25) hadde då han kom til besøk til oss i Sør-Afrika.
Så difor reiste vi til ein park der han fekk klappe både løver og gepardar.

Neste gong får han nøye seg med ein vanleg safaritur, trygt inne i ein bil.


























Les heile historia på dagbladet.no. 

Ei tikkande bombe

I Sør-Afrika står 51 prosent av alle unge mellom 15-24 år utan arbeid.
Nokre nabolag borte bur andre i enorm rikdom.  

Under følgjer ein artikkel eg har skrive om Sør-Afrikas tikkande bombe. 

























mandag 7. mai 2012

Kjøttfri måndag: Kikertgryte

Denne kikertgryta er ein favoritt her i huset. 
Kjøttfri er den også.

God måndag!






















mandag 30. april 2012

Kjøttfri måndag: Solskinnspai

Sidan eg trass alt er heimeverande husmor og lagar middag dei fleste dagane i veka,
tenkte eg at det kunne passe med eit middagsinnlegg.

Kjøttfri måndag er eit eit veldig bra konsept, som mellom andre Grønn hverdag står bak.
Om du vel vegetarisk istaden for kjøt ein gong i veka, reduserer du CO2-utsleppa dine med 170 kg i året.Og om alle i Norge gjorde det same, ville det tilsvara utsleppa til 360.000 bilar.

Grunn nok til å spreie nokre vegetaroppskrifter på bloggen vertfall.
God kjøttfri måndag! 





fredag 27. april 2012

Happy Freedom Day!


I dag feirar Sør-Afrika Freedom Day, på dagen 18 år etter det fyrste demokratiske valet. Ved Union Buildings var det skikkelig feiring med parade, fly-oppvisning, tale av president Zuma, konsertar og fine ANC-bestemødre med partistasen på.

onsdag 25. april 2012

Bondens marknad


Kvar laurdag dukker det opp ein matmarknad i nabolaget vårt.
Under følgjer ei sak eg skreiv om Hazelwood Food Market 
i samband med journalistikkstudiene mine. 

søndag 22. april 2012

Go Bulls!



























Sondre og Signe sørga i går for at me kunne krysse av
ei typisk Sør-Afrika-oppleving til på gjerelista.


Rugby - check!



lørdag 21. april 2012

Før og etter



























Då vi flytta til Sør-Afrika, fekk vi eit hus fullt av KN-møbler på kjøpet.
Huset bytta vi ut, men møblane fekk bli med.

Stolane over blei kjøpt då kontoret låg i Botswana,
og bærer preg at dei har vore i KN-familien nokre år.
Difor fekk eg ei dansk venninne, designeren Kathrine Wang Esbjørn, til å sy nye trekk.
Det blei så fint!

torsdag 19. april 2012

Tanzania-glimt

Frå Dar es Salaam & Zanzibar.

onsdag 18. april 2012

Sanningsord







































Dei får sagt det på Zanzibar.

onsdag 11. april 2012

Zanzibar, hvor er nå det?

Denne veka reiser både herr og fru til Tanzania.
Herr Kobbeltvedt skal på møte, og eg får sjå kva eg finner på.

Ein ting er vertfall sikkert, når møtet er over skal vi til Zanzibar!
Og det er ikkje småtteri for ei drangedalsjente.

Kjem ein frå Drangedal, har ein nemleg vokst opp med spørsmålet
"Zanzibar, hvor er nå det?"
Nå skal eg finne det ut.


tirsdag 10. april 2012

Sani Pass

Vi hadde høyrt om Sani Pass,
grenseovergangen frå Sør-Afrika til Lesotho,
og om kor dårleg og skummel vegen opp dit var.
Difor måtte vi jo prøve. Og kven passa betre å ta med seg
enn fjellgeitene Aasta og Ove?



mandag 9. april 2012

Den lange reisa

Med på karavaneturen frå Nairobi til Durban,
var filmskaparen Jack frå Kenya.
Han har no laga ein dokumentar av heile den lange reisa.
Innimellom klippa finn de også bilde som eg har tatt.


søndag 8. april 2012

Jakten på påskestemninga [del 3]

Påskemåltidet 



Herr Kobbeltvedt diska opp med lam,
Peter med russisk-finnsk dessert.




lørdag 7. april 2012

fredag 6. april 2012

Jakten på påskestemninga [del 1]

Sjølv om det har blitt haust her i Pretoria
er det ikkje lett å få påskestemning
utan skiføre og kalde appelsiner i sekken,
og med skjærtorsdag som vanleg arbeidsdag.

Difor jaktar vi på påskestemninga,
så godt vi kan.




























[del 1] Skiføre i Lesotho:

I Lesotho fann vi
eit par ski (på Afrikas høgastliggande pub)
og snø på toppane i det fjerne. 




torsdag 5. april 2012

Vi snakker fredagspizza


Gode vener og pizza
førre fredag.

onsdag 28. mars 2012

heimekontor FTW?






























Herr Kobbeltvedt junior og underteikna deler heimekontor i dag,
medan besøket slappar av mellom ferieslaga.

Å ha heimekontor er litt både og,
særleg om ein har ambisjonar om å få gjort noko.
Vanlegvis må eg kjempe med min eigen (manglande) konsentrasjon,
i dag er det litt meir liv på "kontoret".

For nokre tankar om utfordringane med heimekontor
(og ein liten overlevingsguide),
anbefalar eg denne bloggposten.

tirsdag 27. mars 2012

På verdas talarstol




















Innimellom baking, handarbeid og fruelunsjer,
skribla eg før jul på ein rapport for min gamle arbeidsgjevar.
I dag blei rapporten "På verdas talarstol" lansert i Oslo.
Den handlar ungdom si deltaking i FN, og spesielt
om den norske ordninga der ein sender ungdomsdelegatar til FN-møte.

Om nokon har lyst til å lese i rapporten, kan de laste den ned her.

onsdag 21. mars 2012

Human Rights Day

I dag er det Human Rights Day i Sør-Afrika. Fridagen er til minne om Sharpeville masakereren der 69 svarte demonstrantar blei drepne, på denne dagen i 1960. Dei demonstrerte mot loven som tvinga dei til alltid å ha på seg passet, og som gjorde at svarte ikkje kunne bevege seg fritt i sitt eige land. For det opna politiet eld mot dei og skaut dei ned. 

Sør-Afrika har i dag ein av verdas beste grunnlover, der menneskerettane står sterkt. Så i dag minnast ein det som skjedde i Sharpeville, men ein feirar også rettane alle innbyggjarar i landet no har fått. 
Vertfall på papiret. 


tirsdag 20. mars 2012

Hurra for Aasta!

Feiringa av Aasta sine 70 år starta i dag i Pretoria.
I morgo reiser me alle saman til Cape Town for å feire vidare der.
Gratulerer med dagen mamma og svigermor!


lørdag 17. mars 2012

Oscar-show

I kategorien "dyre ting ein ikkje treng"
legg eg no til katteleiker frå butikk.
Alt Oscar treng, er eit blad frå hagen og ei rye.
Så blir det Oscar-show på ein vanleg torsdagskveld.


onsdag 14. mars 2012

Mangosesong!


Mangosesongen må vere ein av dei beste tinga ved å bu i Sør-Afrika.
Særleg når ein får mango rett frå hagen til gode vener som Lindiwe.
Dei fleste åt vi medan mangokjøtet og safta rann nedover haka.
Dei som blei igjen blei til mango-chutney.

søndag 11. mars 2012

Jobbesøndag



Fint ver ute
Jobbing inne

... også for husmora

Men snart: besøk og nye eventyr!






fredag 9. mars 2012

Eit godt stykke Norge

Som nordmenn flest i utlandet, blir vi lykkelege over
å få norsk sjokolade når folk kjem på besøk. 
Men no tenkte vi å gje eit hint til framtidige besøkande,
om at vi igrunn har så vi klarer oss.

Sjokoladelageret per mars 2012
(inkludert 1,6 kg Anthon Berg som Aurora og Thomas klarte å gløyme igjen i kjøleskåpet)




















Vi skal sei ifrå når vi går tomme, men fram til då er norske aviser heilt ok altså.



tirsdag 6. mars 2012

Kakefest

Kirkens Nødhjelps første kvinnelege generalsekretær er ikkje berre ei flott dame,
ho er også den som starta opp KN-kontoret i Sør-Afrika og leia det fram til i fjor.
Her er kontorgjengen, høge på kake og ganske så stolte.


fredag 24. februar 2012

Morsdag

Dei siste to vekene har mamma vore på besøk her i Sør-Afrika. I dag reiser ho heim igjen.
Me er ikkje så fan av morsdagar og slikt i vår familie, men herved utropar eg dagen i dag til vår morsdag!
God tur heim, fine mamma.



lørdag 11. februar 2012

Høgt under taket

Me har LITT bedre plass her enn i 2-roms'en på Galgeberg. Men av og til lengtar ein tilbake til tida før ein trengte ei gardintrapp for å henge opp ein plakat.

torsdag 9. februar 2012

Pretoria News


Etter mykje fram og tilbake til Home Affairs, manglande studiegodkjenning og ein lite hjelpsam byråkrat, måtte eg droppe planen om å studere ved universitetet i Pretoria. Men fjernstudier i journalistikk kan også få ein ut i morgonrushet.

mandag 6. februar 2012

Tåkeheimen

- Vi er erfarne fjellfolk, lova vi, og fekk kjentmannen til å teikne opp eit kart over turen opp til Mt Sterkhorn. Planen var å komme seg opp til toppen (2970 moh), litt høgare enn sist vi var i Drakensberg.