mandag 15. oktober 2012

Å springe gjennom Alexandria

Kobbeltvedt med følgje i fint driv gjennom Alexandria.


























Førre helg var vi med på eit løp gjennom ytterkantane av Johannesburg. 
We Run Jozi starta i rikingbydelen Sandton, gjekk så over vegen til den fattige townshipen Alexandria og endte opp på motorvegen M1. Utanom reklame for eit visst skomerke, var poenget med løpet å få følk til å springe i bydelar dei ellers ikkje ville bevega seg i (det førre løpet gjekk gjennom Hillbrow på kveldstid).

Med 20.000 deltakrar blei det meir gåing enn springing gjennom smale gater, men då fekk ein også tid til å helse på folk undervegs, hoppe over rotter og høyre musikk frå gudstenester som var i full gong. Eller reflektere litt over kor absurd det er at det berre er ein liten løpetur mellom verdas rikaste og fattige.


Saman med Sondre etter Chamberlain Capital Classic.

Når eg fyrst skriver om springing. På laurdag sprang vi vårt fyrste halvmaraton! Løypa gjennom bustadsområda i Pretoria var ikkje like spanande, men det var moro å ha gjennomført det. Dessutan får ein innblikk i ein litt anna kultur også. Ekte boerar går nemnleg rett til puben ved idrettsbanen og drikker øl etter dei har kome i mål - klokka åtte om morgonen. Dei om det.

3 kommentarer:


  1. Ein annleis løpetur, med tid for refleksjonar !

    SvarSlett
  2. Godt å kunne reflektere ! For oss som har fått oppleve noe av Sør-Afrika blir vi hele tiden gjennom bloggen din påminnet om de store forskjellene som eksisterer.

    Min søndagstur ble en rusletur i fint høstvær i hjemlige omgivelser - Isdalen, Rundemannen, Blåmannen og ned Knatten her i Bergen, dette minner meg på hvor godt vi har det her langt mot nord.

    Aasta/svigermor

    SvarSlett
  3. Sprekingær!

    Rett på pub etter målgang sier du? Høres ut som ein glimrende ide`spør du meg ;)

    - Gunnar

    SvarSlett

Lest bloggen min? Skriv ein kommentar!