tirsdag 13. november 2012

Etter Marikana


Kyrkjeleiarar samla på haugen der gruvearbeidarane blei drepne.



























Dagen før vi skulle reise frå Oslo og tilbake til Sør-Afrika etter sommarferien, fekk vi høyre vi at 34 gruvearbeidarar hadde blitt drepne i Marikana-gruva utanfor Johannesburg. I månadane etter har massakren og gruvestreikane prega både Sør-Afrika og Kirkens Nødhjelp sitt arbeid her. Kyrkjerådet og organisasjonen Bench Marks, som begge får støtte frå Kirkens Nødhjelp, blei nemleg sentrale i forhandlingane mellom gruveselskapet og arbeidarane i Marikana. 

I denne utgåva av Kirkens Nødhjelp-magasinet skriv eg om det viktige arbeidet desse partnarane har gjort - og framleis gjer - for gruvearbeidarane. 

mandag 12. november 2012

Frå Volda til Cape Town



























Dei siste vekene har vi hatt storfint besøk, fyrst frå Volda og no frå Oslo. Veldig fint å sjå gode vener igjen, og fint å få  ein grunn til å ta fri frå jobb slik at ein kan klatre opp på Lion's Head for å sjå på solnedgongen.

For mange fleire bilder, sjå facebookalbumet til Herr Kobbeltvedt.