Viser innlegg med etiketten Lesotho. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lesotho. Vis alle innlegg
fredag 12. oktober 2012
Meir tørke, mindre mat
I dag har eg ei sak i magasinet Ny Tid om korleis klimaendringane trugar matvartryggleiken i Lesotho. Eit år med tørk og eit med flom har øydelagt avlingane, og over 700.000 menneske kan komme til å trenge humanitær hjelp dei neste månadane.
Klimaendringane er ikkje den einaste årsaka, men dei har gjort forholda i landbruket enda verre.
Eg har snakka med ein bonde som prøver å verne avlingane sine mot ekstremvêr.
Ny Tid kan kjøpast elektronisk her
(eller i papirutgåve i butikken, sjølvsagt).
onsdag 26. september 2012
Saman i kampen mot hiv
Då vi var ei veke i Lesotho, brukte eg tida på å få gjort intervju til eit par saker eg hadde lyst til å skrive.
Ein av dei eg traff var 26 år gamle Kuena, som har engasjert seg for å gje ungdom meir kunnskap om hiv og aids.
Over 23 prosent av den vaksne befolkninga i Lesotho er hiv-positive, men dei siste åra har trenden snudd og færre blir smitta.
lørdag 15. september 2012
tirsdag 10. april 2012
fredag 6. april 2012
Jakten på påskestemninga [del 1]
Sjølv om det har blitt haust her i Pretoria
er det ikkje lett å få påskestemning
utan skiføre og kalde appelsiner i sekken,
og med skjærtorsdag som vanleg arbeidsdag.
Difor jaktar vi på påskestemninga,
så godt vi kan.
er det ikkje lett å få påskestemning
utan skiføre og kalde appelsiner i sekken,
og med skjærtorsdag som vanleg arbeidsdag.
Difor jaktar vi på påskestemninga,
så godt vi kan.
[del 1] Skiføre i Lesotho:
I Lesotho fann vi
eit par ski (på Afrikas høgastliggande pub)
og snø på toppane i det fjerne.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

