tirsdag 29. november 2011

Framme ved målet

Så var eg, og resten av karavanengjengen, endeleg framme i Durban. Etter 18 dagar på vegen gjennom seks land. Ei fantastisk reise, som eg håper å få lagt ut nokre bilder frå etterkvart. Akkurat no er vi alle opptekne med klimatoppmøtet som starta i Durban i går.


Dagen før klimatoppmøtet starta, var Herr Kobbeltvedt med på å arrangere ei stor stadiomarkering der religiøse leiarar frå heile Afrika, og Norge, saman krevde ei rettferdig klimaavtale. Desmond Tutu overleverte 200.000 underskrifter frå "We have faith - Act now for climate justice"-kampanjen til presidenten for COP17, klimaforhandlingane.

onsdag 16. november 2011

I Zambia, på veg til Durban


Ei lita helsing frå Lusaka, hovudstaden i Zambia. Det er travle dagar på karavanetur, ikkje berre fordi vi er med på mange konsertar og stunts, men også fordi vi køyrer så langt. Mange dagar har vi stått opp i fire-fem tida for så å køyre heile dagen til neste by. Eg rekk difor ikkje å blogge noko særleg, men Kirkens Nødhjelp legg ut bilder og artiklar eg skriv på sine heimesider. Les dei her!

tirsdag 8. november 2011

Store fjell og store draumar

Når eg skriv dette, køyrer vi inn i Dar es Salaam i kveldsrushet. Vi har vore på vegen heile dagen. Vi stod opp kl 3 i natt, og satte oss i bussane litt før seks. I morgontimane passerte vi Kilimanjaro - for eit fjell. Vi stoppa i vegkanten, og fekk sjå ein fjelltopp med snø på. Eit snødekke som blir mindre og mindre kvart år på grunn av klimaendringane.


søndag 6. november 2011

Vi er i gong!


Eit lite glimt frå dagens lanseringskonsert i Nairobi. I morgo startar turen mot Durban (i seks store safaribussar), og neste stopp er Dar es Salaam.

torsdag 3. november 2011

Den store reisa

Eg har tidlegare klaga over at Herr Kobbeltvedt får reist mykje meir enn meg. Det skal eg ikkje gjere meir. For i morgo reiser eg til Kenya for å vere med på ei reise gjennom Kenya, Tanzania, Malawi, Zambia og Botswana til Sør-Afrika. Saman med 160 ungdommar frå Afrika og Noreg, skal eg vere med på ei klimakaravane som skal gå frå Nairobi til Durban.



tirsdag 1. november 2011

Ein mann for sin hatt

Etter å ha sett bilete av sin son i Kalk Bay, sendte Herr Kobbeltvedt senior, Josteins far, denne mailen:

"Her kommer den hattefrelste i en tidligere versjon 1982/83-modell. Nesten samme hatt!! Han var tidlig ute med å etterligne sin far når jeg hastet avgårde til jobben. Hatt brukte jeg kun i noen år rundt konfirmasjonstiden, man skulle jo ha blitt voksen på den tiden i 1955, og hatt var på moten da. Hatten på bildet var altså min hatt noen år, og ble overtatt av Jostein."




Herr Kobbeltvedt junior er altså seg sjølv lik. Og som far, så son.