Viser innlegg med etiketten Sør-Afrika. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sør-Afrika. Vis alle innlegg

torsdag 26. september 2013

BLYDE RIVER CANYON



























Nokre glimt frå langhelg i Blyde River Canyon, vissnok verdas tredje største.
Fleire bilder er å finne på Herr Kobbeltvedt si facebookside.

Og kva er eigentleg ein canyon? Ein guide vi traff forklarte oss det slik:
"Ein canyon er ein dal grav ut av ei elv, og dalsidene må vere minst 1000 meter høge.
Er dei berre 999 meter, er det berre ei elv."

fredag 20. september 2013

HERITAGE DAY

Tirsdag er det Heritage Day, dagen der sørafrikanarar feirar
alle dei ulike kulturane som landet rommar.
Sidan eindel tar seg fri også på måndag,
blei Heritage Day markert av mange i dag.

Lindiwe på KN-kontoret hadde kledd seg i tradisjonelle Ndebele-kleer,
som mora hennar har laga.































Tirsdag er også den nasjonale Braai dagen, forresten,
så nabolaget kjem garantert til å lukte grill.
Og er det noko som folk her har til felles, på tvers av kulturar,
er det jo kjærleiken til stekt kjøt.



søndag 15. september 2013

VERDAS STØRSTE HOL

(iallefall det største som er grave ut for hand)
fekk eg sjå i Kimberley denne veka.
Slik ser det ut








































og her kan du lese meir om historia bak holet.

tirsdag 27. august 2013

ENDELEG HEIME






























Endeleg er eg tilbake i Pretoria, og etter to år her kjennast det faktisk som heime.

Då eg i slutten av juni satt på jobb i NRK med ein stor klump i halsen og kikka på TV-skjermar som var fulle av nyhender om Mandela si sjukehusinnlegging, hadde eg aldri trudd at han enno skulle vere der når eg kom tilbake.

Søndag kjørte vi innom sjukehuset. Nokre av TV-teama held stand, men alle som venta utanfor har for lengst vendt tilbake til kvardagen. Det skal eg også gjere, i det som blir siste halvår i Sør-Afrika.



mandag 11. mars 2013

EIT FARLEG LAND Å VERE KVINNE I



























Den siste månaden har Sør-Afrika fått meir merksemd i media verda rundt enn ein kunne ynskje seg.
Det starta med at friidrettshelten Oscar Pistorius skaut og drepte kjærasten i huset sitt her i Pretoria.
Så følgde historier om politibrutalitet og kor valdeleg Sør-Afrika er.
Til og med magasinet TIME via ei heil framside til Pistorius. 

Problemet er at det er sant. Sør-Afrika er eit valdeleg samfunn,
og særleg kvinner må statistisk sett rekne med å bli utsett for vald.

Likevel. Det er alltid fleire sider av ei historie.
På kvinnedagen, 8.mars, reise eg ut til townshipen Diepsloot
for å møtte kvinner (og menn) som jobbar for å få slutt på valden.

Les historia i nettavisa framtida.no her. 

tirsdag 13. november 2012

Etter Marikana


Kyrkjeleiarar samla på haugen der gruvearbeidarane blei drepne.



























Dagen før vi skulle reise frå Oslo og tilbake til Sør-Afrika etter sommarferien, fekk vi høyre vi at 34 gruvearbeidarar hadde blitt drepne i Marikana-gruva utanfor Johannesburg. I månadane etter har massakren og gruvestreikane prega både Sør-Afrika og Kirkens Nødhjelp sitt arbeid her. Kyrkjerådet og organisasjonen Bench Marks, som begge får støtte frå Kirkens Nødhjelp, blei nemleg sentrale i forhandlingane mellom gruveselskapet og arbeidarane i Marikana. 

I denne utgåva av Kirkens Nødhjelp-magasinet skriv eg om det viktige arbeidet desse partnarane har gjort - og framleis gjer - for gruvearbeidarane. 

mandag 1. oktober 2012

God FILM: Sør-Afrika

For folk som snart kjem på besøk
og andre som likar film og Sør-Afrika,
her er eit knippe filmar det går ann å sjå.

























Andre som har tips til gode filmar om eller frå Sør-Afrika? 
The Guardian har forresten Meanwhile in Mamelodi på lista over 10 afrikanske filmar "to watch out for".

onsdag 23. mai 2012

What's in a name?



























Kvar veke køyrer vi opp og ned Charles Street, 
men frå og med mai månad heiter den ikkje det lenger.

Då vi kom til Sør-Afrika stussa eg over at ein framleis fann gater som var kalla opp etter sentrale apartheid-politikarar. 
Ein del av Nelson Mandelas forsoningsstrategi var at ein ikkje skulle ta frå den kvite minoriteten symbol som var viktige for dei. Difor fekk rugbylandsaget behalde namnet sitt og dei grøne skjortene. Og nokre gatenamn skulle bli ståande, resten skulle byttast ut gradvis. 

Nå har myndigheitene bytta ut 27 gamle gatenamn til med namn på frigjeringsheltar.
Florence Riberio til dømes, hjalp unge som hadde flykta i eksil under apartheid med pengar og anna hjelp. Ho blei drept av spesialstyrkar i 1986.

Charles Street heiter nå Justice Mohammed Street.
Pretoria er også eit namn med klang i ei vond historie for fleirtalet her.
Kanskje forsvinn også det namnet snart heilt?
Kommunen har allereie bytta namn til Tshwane.

tirsdag 8. mai 2012

Ei tikkande bombe

I Sør-Afrika står 51 prosent av alle unge mellom 15-24 år utan arbeid.
Nokre nabolag borte bur andre i enorm rikdom.  

Under følgjer ein artikkel eg har skrive om Sør-Afrikas tikkande bombe. 

























fredag 27. april 2012

Happy Freedom Day!


I dag feirar Sør-Afrika Freedom Day, på dagen 18 år etter det fyrste demokratiske valet. Ved Union Buildings var det skikkelig feiring med parade, fly-oppvisning, tale av president Zuma, konsertar og fine ANC-bestemødre med partistasen på.

onsdag 21. mars 2012

Human Rights Day

I dag er det Human Rights Day i Sør-Afrika. Fridagen er til minne om Sharpeville masakereren der 69 svarte demonstrantar blei drepne, på denne dagen i 1960. Dei demonstrerte mot loven som tvinga dei til alltid å ha på seg passet, og som gjorde at svarte ikkje kunne bevege seg fritt i sitt eige land. For det opna politiet eld mot dei og skaut dei ned. 

Sør-Afrika har i dag ein av verdas beste grunnlover, der menneskerettane står sterkt. Så i dag minnast ein det som skjedde i Sharpeville, men ein feirar også rettane alle innbyggjarar i landet no har fått. 
Vertfall på papiret.