torsdag 26. september 2013

BLYDE RIVER CANYON



























Nokre glimt frå langhelg i Blyde River Canyon, vissnok verdas tredje største.
Fleire bilder er å finne på Herr Kobbeltvedt si facebookside.

Og kva er eigentleg ein canyon? Ein guide vi traff forklarte oss det slik:
"Ein canyon er ein dal grav ut av ei elv, og dalsidene må vere minst 1000 meter høge.
Er dei berre 999 meter, er det berre ei elv."

fredag 20. september 2013

HERITAGE DAY

Tirsdag er det Heritage Day, dagen der sørafrikanarar feirar
alle dei ulike kulturane som landet rommar.
Sidan eindel tar seg fri også på måndag,
blei Heritage Day markert av mange i dag.

Lindiwe på KN-kontoret hadde kledd seg i tradisjonelle Ndebele-kleer,
som mora hennar har laga.































Tirsdag er også den nasjonale Braai dagen, forresten,
så nabolaget kjem garantert til å lukte grill.
Og er det noko som folk her har til felles, på tvers av kulturar,
er det jo kjærleiken til stekt kjøt.



torsdag 19. september 2013

DET AFRIKA TRENG



Eg har skrive om dei før. Alle dei unge, og ofte høgt utdanna, menneska i Sør-Afrika som ikkje får seg jobb.
Det er røynda ikkje berre her, men i mange afrikanske land.

Det Afrika treng er jobbar, og for å få det, trengs investeringar.

For eit par veker sidan blei denne filmen spela inn i Soweto,
i eit samarbeid mellom kontoret her og kollegaer i Oslo.
Sjå den, og gå gjerne inn på kampanjesida til KN også: http://sendenvekker.no/
Nokon treng ein vekkar. 

søndag 15. september 2013

VERDAS STØRSTE HOL

(iallefall det største som er grave ut for hand)
fekk eg sjå i Kimberley denne veka.
Slik ser det ut








































og her kan du lese meir om historia bak holet.

lørdag 14. september 2013

REGN

Du skjønar du har budd ein stund i Sør-Afrika 
når det ikkje er at gradestokken kryp opp mot 30 grader, 
men heller det fyrste regnet på fleire månadar
som får deg til å skjøne at vinteren er over.

Vi ynskjer regnskyll og torver hjartleg velkomen
- og seier hade til tørt gras, tørr hud og støv overalt. 
Velkomen vår! 



lørdag 31. august 2013

TUSEN TAKK





















Denne veka er det tri år sidan Mr Kobbeltvedt og underteikna gifta oss.
Med på kjøpet fekk eg også veldig fine svigerforeldre, som tydlegvis huskar bryllaupsdagen vår.
Denne enorme buketten kom nemleg på døra på onsdag.
Tusen takk!

tirsdag 27. august 2013

ENDELEG HEIME






























Endeleg er eg tilbake i Pretoria, og etter to år her kjennast det faktisk som heime.

Då eg i slutten av juni satt på jobb i NRK med ein stor klump i halsen og kikka på TV-skjermar som var fulle av nyhender om Mandela si sjukehusinnlegging, hadde eg aldri trudd at han enno skulle vere der når eg kom tilbake.

Søndag kjørte vi innom sjukehuset. Nokre av TV-teama held stand, men alle som venta utanfor har for lengst vendt tilbake til kvardagen. Det skal eg også gjere, i det som blir siste halvår i Sør-Afrika.



fredag 24. mai 2013

DEMO

Det har aldri vore ein av sakene som har fått meg til å demonstere,
men bompengar provoserer visst i både Norge og i Sør-Afrika.

På vegen mellom Johannesburg og Pretoria vil regjeringa innføre e-avgift,
men det vil verken fagrørsla COSATU eller kyrkja(!) ha noko av.

Denne veka skriv eg heimeeksamen, og ein av artiklane skal handle om e-toll.
I dag var eg difor i Johannesburg for å dekke ein protestaksjon mot avgifta.
Og eg må sei: det er litt meir fest over bompenge-mostanden i Sør-Afrika enn i Norge...

søndag 19. mai 2013

17.MAI - NESTEN

Pølse i lompe, vaffel, barnetog med musikk på cd, Ja vi elsker og potetløp. 
Nesten som 17.mai i Kjosen, berre med palmer i bakgrunnen.
Her er glimt frå 17.mai-feiringa i Pretoria:


mandag 29. april 2013

TE MED TUTU


Alle foto: Lenore Cairncross/Kirkens Nødhjelp



























Nokre opplevingar frå tida i Sør-Afrika kjem vi til å hugse betre enn andre.
Ein av dei er garantert å drikke te og ete kjeks saman med Desmond Tutu 
medan han leverer den eine vitsen etter den andre. 

mandag 22. april 2013

SWAZILAND

Helgeturen til Swaziland innehaldt sjølvsagt meir enn nærkontakt med nashorn.
Les meir om landet og turen vår på bloggen til Trygve.



mandag 15. april 2013

NÆRE PÅ

På gå-safari kjem ein tettare på både bushen og dyra.
Vi synast det var spanande nok då vi fekk betrakte desse nashorna på kort avstand:



Seinare viste det seg at det er dette som er å kome tett på:

fredag 5. april 2013

PÅSKEFJELLET

Utanom skiføre, kvikklunsj og alt det der,
har Drakensberg det meste ein treng for å stresse ned i påskeferien.



Bilde frå Giant's Castle, Champagne Valley, Monk's Cowl og ein stopp i Clarens på veg heim. 

onsdag 3. april 2013

EI HISTORIE OM NASHORN - OG ANDRE ARTIGE FOLK

Å reise på safari med denne gjengen fører til mange minneverdige augneblikk

mandag 11. mars 2013

EIT FARLEG LAND Å VERE KVINNE I



























Den siste månaden har Sør-Afrika fått meir merksemd i media verda rundt enn ein kunne ynskje seg.
Det starta med at friidrettshelten Oscar Pistorius skaut og drepte kjærasten i huset sitt her i Pretoria.
Så følgde historier om politibrutalitet og kor valdeleg Sør-Afrika er.
Til og med magasinet TIME via ei heil framside til Pistorius. 

Problemet er at det er sant. Sør-Afrika er eit valdeleg samfunn,
og særleg kvinner må statistisk sett rekne med å bli utsett for vald.

Likevel. Det er alltid fleire sider av ei historie.
På kvinnedagen, 8.mars, reise eg ut til townshipen Diepsloot
for å møtte kvinner (og menn) som jobbar for å få slutt på valden.

Les historia i nettavisa framtida.no her. 

mandag 28. januar 2013

SHOSHOLOZA BAFANA BAFANA!

Sør-Afrika er for tida vertskap for African Cup of Nations, men få her hadde forventa at det sørafrikanske landslaget, Bafana Bafana, skulle gjere det særleg bra. No har dei likevel klart å karre seg vidare frå gruppespelet til kvartfinalen.

Førre helg var vi på opningssermonien på Soccer City og fekk med oss kampen mellom Bafana Bafana og Kapp Verde.
Her er ein stemningsrapport:



Shosholoza betyr "gå framover"og syngast ofte på kampar (resten av bråket er vuvuzelaer). 

tirsdag 22. januar 2013

Etiopia

Ei veke i Etiopia er alt for lite,
men likevel nok til å få ein smak av eit land
med nydeleg natur og ei stolt historie
(og ikkje minst - fantastisk kaffe!)


Glimt frå Lalibela, Wanchi Crater Lake og Addis Ababa. 
Meir kjem etterkvart.


fredag 18. januar 2013

(Halve) jorda rundt på (ca) 30 dagar





























Det blei tidenes juleferie med
vennebesøk, eksamen, radiojobbing og jul i Norge,
bryllup og nyttårsfeiring i Thailand,
og ei veke med litt jobb og mange eventyr med vener i Etiopia.

Puh. Godt å vere "heime" igjen i palmegata også.