Førre helg var vi med på eit løp gjennom ytterkantane av Johannesburg.
We Run Jozi starta i rikingbydelen Sandton, gjekk så over vegen til den fattige townshipen Alexandria og endte opp på motorvegen M1. Utanom reklame for eit visst skomerke, var poenget med løpet å få følk til å springe i bydelar dei ellers ikkje ville bevega seg i (det førre løpet gjekk gjennom Hillbrow på kveldstid).Med 20.000 deltakrar blei det meir gåing enn springing gjennom smale gater, men då fekk ein også tid til å helse på folk undervegs, hoppe over rotter og høyre musikk frå gudstenester som var i full gong. Eller reflektere litt over kor absurd det er at det berre er ein liten løpetur mellom verdas rikaste og fattige.

