torsdag 3. november 2011

Den store reisa

Eg har tidlegare klaga over at Herr Kobbeltvedt får reist mykje meir enn meg. Det skal eg ikkje gjere meir. For i morgo reiser eg til Kenya for å vere med på ei reise gjennom Kenya, Tanzania, Malawi, Zambia og Botswana til Sør-Afrika. Saman med 160 ungdommar frå Afrika og Noreg, skal eg vere med på ei klimakaravane som skal gå frå Nairobi til Durban.



Karavanen er ein del av den klimakampanjen "We have faith - Act now for climate justice." Sør-Afrika er i desember vertskap for COP17, FN sitt klimatoppmøte. Karavanen skal skape merksemd om klimaendringar og toppmøtet ved å reise gjennom Afrika og ha konsertar undervegs. Eg, heldiggrisen, skal vere med på karavanen som mediekontakt for Kirkens Nødhjelp. Les meir om karavanen her.

Reiserute Nairobi - Durban
Karavanen startar med lanseringskonsert i Nairobi på søndag. Så blir reiseruta slik: 7.11. Avreise Nairobi, 8.-9.11. Dar es Salaam (konsert), 10.11. Iringa, 11.11. Chitimba, 12.-13.11. Lilongwe (konsert), 14.11. Chipata, 15.-16.11. Lusaka (konsert), 17.11. Livingston, 18.11. Nata, 19.-20.11. Gaberone (konsert), 21.11. Johannesburg/Pretoria, 22.11. Soweto (konsert), 27.11 Durban.

De kan følgje med på turen min og karvanen på Facebooksida til We have faith-kampanjen og på heimesida til Kirkens Nødhjelp





3 kommentarer:

  1. Takk! Nå er eg på plass i Nairobi. Blir nok veldig varierande med internett undervegs, men skal vertfall oppdatere her med bilder etter turen:)

    SvarSlett

Lest bloggen min? Skriv ein kommentar!