torsdag 2. februar 2012

Man tager hva man haver ...

                       
Er det ein ting vi aldri kjem til å lære oss, så er det å beregne passe med ris til middag. Så kva gjer ein når ein har risrester, nokre egg og eit par overmodne bananer og sjessær på nokke godt til kvelds? Ein lager bananbomber!




Mos bananene og rør saman med egg og olje fyrst,
og så resten av ingrediensane. 
Steik så i ei varm panne med olje i. 


Bananbombene kan etast slik dei er, eller med kanel eller syltetøy på. Dei funkar også veldig bra som frokost eller i matpakka.

Bananbomber*
2 dl rester av fullkorsris eller quinoa
3 egg
3 dl kveitemjøl
1 ts kanel
1/2 ts kardemomme
2 mosa bananer

4 ts kokosolje (eller anna matolje)
1 ts bakepulver
1 ts salt

*Oppskrifta er tatt frå boka Kjernesunn mat



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Lest bloggen min? Skriv ein kommentar!