mandag 19. desember 2011

God bok: When rain clouds gather

Førre veke var vi på safari i Botswana, og då kom eg på at eg hadde tenkt å anbefale ei bok frå dette tørre, tørre landet.


Då karavanen kjørte gjennom Botswana for nokre veker sidan, satt eg i bussen og las boka "When rain clouds gather" av Bessie Head.


Forfattaren blei født i Sør-Afrika, og var barn av ei kvit mor og ein svart far. Slike forhold var ulovleg i Sør-Afrika på den tida, og bakgrunnen hennar prega Head heile livet. I 1964 reiste ho til Botswana som flyktning frå apartheid-regimet, og blei buande der resten av livet.

"When rain clouds gather" handlar om den unge mannen Makhaya, som også rømmer til Botswana frå Sør-Afrika. Han kjem til den lille landsbyen Golema Mmidi, og må lære seg å leve i det tørre, varme landet. I landbyen møter han også Gilbert, som har bestemt seg for å endre måten folk driv landbruk på der. Historia utviklar seg med både fine og tragiske høgdepunkt. Bessie Head skriv enklet, men med humor - sjølv når regnet ikkje kjem, og tørka fører til grusomme vendingar.

Regnet har ikkje kome når det skulle i Botswana i år heller. Og saman med hetebølger gjer dette at landet blir vansklegare å leve vi. Klimaendringane gjer difor dessverre denne boka også aktuell, over 30 år etter at den kom ut.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Lest bloggen min? Skriv ein kommentar!