Kvar laurdag dukker det opp ein matmarknad i nabolaget vårt.
Under følgjer ei sak eg skreiv om Hazelwood Food Market
i samband med journalistikkstudiene mine.
Bondens
mat
Friske grønsaker, kjøt frå glade sauer og
heimelaga syltetøy. Folk vil ha lokal mat, og helst vil dei kjøpe den frå
bonden sjølv. No er trenden kome til Pretoria.
- Hey!
Marknaden er der borte! ropar vakta når vi går ut av bilen. Straumen av
menneske over parkeringsplassen tydar på at det er til Hazelwood Food Market
alle skal i dag.
Inne på
marknaden står det rekker med buer med lokal mat. Her får ein både småkaker,
feite pølser, kaffi, grønsaker og varmrettar som pai og hamburgar. Ei bestemor
sel syltetøy og eit skilt reklamerar med "Pannekoek".
Europeisk trend til Pretoria
Bondens
marknad er blitt ein internasjonal trend. Ideen er at lokale bønder og
produsentar skal kunne selje direkte til forbrukarane, og at folk på den måten
skal få tilgong på lokal, frisk og gjerne økologisk mat. Slik blir avstanden
mellom vanlege folk og bøndene mindre, og miljøet blir spart for langtransport
og innpakking i plast.
Trenden
har blitt spesielt populær i Europa og USA, og det var på ein ferie i Europa at
kvinna bak Hazelwood Food Market, Reta van Hoven, fekk ideen om å lage ein
marknad med mat produsert i Pretoria.
I kø for lokal mat
Tre år
etter er det kamp om å få selje produkt på marknaden som arrangerast kvar
laurdag i Hazelwood. Over 70 bodar er stilt opp på den opne plassen, men Retha
har likevel 50 seljarar på venteliste. Medan vi snakkar,
kjem ein kar i kakishorts og cowboyhatt bort og spør Retha om han kan få selje
honningen han produserer på farmen sin.
I dag
fyller familiar, besteforeldre og ungdommar opp benkane som er sett opp under
dei store trea på midten av plassen. Det kjem mellom 600-1000 menneske hit kvar
helg for å få smaksprøver og handle mat i dei ulike buene.
- Mmm!
kviner ei dame etter å ha tatt ein bit av ein knallrosa muffins. - Lekker!
Med sørafrikansk vri
I
utgangspunktet var meininga at folk skulle komme, kjøpe lokalprodusert mat og
så gå heim igjen. Slik er bondens marknad i Europa, men i Pretoria har
lokalbefolkninga lagt til ein eigen vri. På tradisjonelt sørafrikansk vis tar
mange med seg heile familien, kjøper seg litt mat og et den saman medan dei er der.
- Eg
hadde ikkje forventa at folk skulle gjere turen hit til ein piknik, men det har
dei gjort, fortel Retha.
Poenget
med marknaden likevel den same som då ho starta opp. Du skal få kjøpe lokal,
frisk mat i ditt eige nabolag. Om du vel buene med tradisjonell mat som biltong
og bobotie, eller om du kjøper mat du aldri har smakt før, gjeng ut på eitt. Så
lenge det er bondens eigen mat.

Dette var positivt. Der skulle jeg gjerne ha vært. Kjenner allerede både smaker og lukter, og ikke minst assosiasjoner til vårt eget Bondens Marked her i vår "landsby" Bergen.
SvarSlettSpennande ! Dit kan me vel reise neste gong......
SvarSlettDet kan me gjere vettu:)
Slett