torsdag 3. november 2011

Den store reisa

Eg har tidlegare klaga over at Herr Kobbeltvedt får reist mykje meir enn meg. Det skal eg ikkje gjere meir. For i morgo reiser eg til Kenya for å vere med på ei reise gjennom Kenya, Tanzania, Malawi, Zambia og Botswana til Sør-Afrika. Saman med 160 ungdommar frå Afrika og Noreg, skal eg vere med på ei klimakaravane som skal gå frå Nairobi til Durban.



tirsdag 1. november 2011

Ein mann for sin hatt

Etter å ha sett bilete av sin son i Kalk Bay, sendte Herr Kobbeltvedt senior, Josteins far, denne mailen:

"Her kommer den hattefrelste i en tidligere versjon 1982/83-modell. Nesten samme hatt!! Han var tidlig ute med å etterligne sin far når jeg hastet avgårde til jobben. Hatt brukte jeg kun i noen år rundt konfirmasjonstiden, man skulle jo ha blitt voksen på den tiden i 1955, og hatt var på moten da. Hatten på bildet var altså min hatt noen år, og ble overtatt av Jostein."




Herr Kobbeltvedt junior er altså seg sjølv lik. Og som far, så son.

 

søndag 23. oktober 2011

Spesialleveranse
























Me har besøk frå kontoret i Oslo denne veka, og då vankar det norske aviser. Men brunosten me hadde bestilt, den blei tatt av ein narkohund då Atle Sommerfeldt prøvde å smugle den inn i landet. 

onsdag 19. oktober 2011

Sør-Afrikas Lofoten



Litt som Lofoten, men ikkje heilt. Her er nokre fleire bilder frå helga vår i Kalk Bay.

tirsdag 18. oktober 2011

Kval til frukost

I Kalk Bay kan ein sitte på eit nydleg lite gjestehus, ete god frukost, og sjå på kvalar som leikar seg nede i fjæra. Det har vi gjort i helga.