fredag 14. oktober 2011

Jacaranda season


I desse dagar blomstrar Jacaranda-treet over heile Pretoria. Det er så fint! 
God helg alle saman!

onsdag 12. oktober 2011

Personleg smerte

Ei historie har alltid to sider. På bildene frå Drakensberg ser det kanskje ut som om vi hadde ein grei tur i lett terreng. Men slik var det ikkje. Iallefall ikkje for Herr Kobbeltvedt som har skaffa seg personleg trenar, og som hadde tatt 160 kg i beinpress dagen før.


søndag 9. oktober 2011

Jos i Jozi*



* Jozi - Kortform for Johannesburg, også kalla Jo'burg. 

fredag 7. oktober 2011

God bok: The Classifier

Som husfruer flest, har eg tatt mål av meg å lese mange bøker på fritida (eg har til og med blitt med i ein bokklubb!). Eg synes også det er stor hjelp i å lese sørafrikanske forfattarar for å skjøne meir av landet vi har flytta til. "God bok" skal difor bli ei fast spalte her på bloggen, der eg skriv om afrikanske bøker eg har lest. Kanskje eg kan inspirere nokon til å kjøpe ei bok av ein afrikansk forfattar neste gong de er i ein bokhandel? Det hadde vore fint. 


Fyrst ut:
The Classifier av Wessel Ebersohn
Boka handlar om Chris som vekst opp i Durban på 1970-talet. Faren hans jobbar som "classifier" på raseinndelingskontoret, eit kontor som bestemmer kven som skal få lov til å leve som kvite, og kven som blir plassert i andre kategoriar. Når Chris forelskar seg i ei ei farga jente, skjønar vi raskt at dette kjem til å ende i katastrofe. På den tida var det uloveleg for kvite å innleie forhold til menneske frå andre raser. Og faren til Chris er fast i trua på at ein må oppretthalde rasesystemet for å verne om det kvite mindretalet dei som Afrikaanerar tilhøyrer. Difor må Chris skjule forholdet til Ruthie frå faren. Ein far som han både elskar og fryktar.

The Classifier er godt skrive, og vekslar mellom alvorlege tema og humoristiske skildringar frå ein ung gut sin kvardag. Eg mistenker at boka er ganske sjølvbiografisk, sjølv om Ebersohn insisterar på at den er fiksjon. Ei god bok om rasesystemet sine mange sider er det uansett.

lørdag 1. oktober 2011

Mugg og andre skumle ting

Eg trur det er få folk i verda som et så mykje brød som nordmenn. Vi et brød til både frukost, lunsj og kveldsmat, og av og til også innat middag. Brødet skal helst vere av den grove sorten, og då vi kom til Sør-Afrika byrja vi difor jakta på GROVBRØD.

Den blei enklare enn frykta. Det finns eit par supre bakeri her i Pretoria med kjempegodt brød, men det blir ganske dyrt i lengda. På den lokale Spar-butikken finn du også grovbrød, om du leitar godt. Det ligg gøymt og ferdigoppskjært nedst i ei hylle. Men etter å ha ete det i eit par veker, slutta vi. Det blei rett og slett for skummelt. Brødet myglar nemleg ALDRI.

Skummelt Spar-brød
Mitt brød

Slikt blir eg skremt av. Kva skjuler det seg eigentleg i brød som aldri myglar? Folk her blir skremt av det motsette ser det ut til. For då eit nytt bakeri blei opna for eit par veker sidan, åtvara ein matskribent i avisa Mail&Guardian om at bakeriet berre selde brød som mygla fort.

Som de sikkert har skjønt: Dette innlegget er sjølvsagt berre ein unnskyldning for å skryte av husmorevnene mine. No har eg nemleg begynt å bake brød sjølv. Då får vi det akkurat som kresne nordmenn vil ha det.