Den største leseopplevinga det siste halvåret fekk eg då eg las boka "Country of My Skull" av Antjie Krog. Det er også boka som har lært meg mest om Sør-Afrika og såra etter apartheid.
Country of My Skull handlar om arbeidet til Sannings- og forsoningskommisjonen, ein tribunal der både ofra og overgriparane fortalte si historie. Krog er ein kjent forfattar i Sør-Afrika, men dekte kommisjonen sitt arbeid som radiojournalist for SABC.
Boka er delvis ei samling vitnemål frå begge sider, og Krog sine refleksjonar rundt si eiga rolle som journalist og kvit sørafrikanar. Den er poetisk og journalistisk på same tid.
Vitnemåla frå offera er grusomme, og eg tok meg ofte å å tenke - dette visste eg ikkje. Men også: dette bør eg vite. Det var også mykje av poenget med sanningskommisjonen - at alle skulle få vite kva for overgrep som hadde skjedd, at både ofre og overgriparar skulle fortelje, og at ein så skulle gå vidare og starte forsoninga.
Kor vellukka kommisjonen var, er omdiskutert. Forsona er vertfall ikkje landet enno.
tirsdag 29. mai 2012
onsdag 23. mai 2012
What's in a name?
Kvar veke køyrer vi opp og ned Charles Street,
men frå og med mai månad heiter den ikkje det lenger.
Då vi kom til Sør-Afrika stussa eg over at ein framleis fann gater som var kalla opp etter sentrale apartheid-politikarar.
Ein del av Nelson Mandelas forsoningsstrategi var at ein ikkje skulle ta frå den kvite minoriteten symbol som var viktige for dei. Difor fekk rugbylandsaget behalde namnet sitt og dei grøne skjortene. Og nokre gatenamn skulle bli ståande, resten skulle byttast ut gradvis.
Nå har myndigheitene bytta ut 27 gamle gatenamn til med namn på frigjeringsheltar.
Florence Riberio til dømes, hjalp unge som hadde flykta i eksil under apartheid med pengar og anna hjelp. Ho blei drept av spesialstyrkar i 1986.
Charles Street heiter nå Justice Mohammed Street.
Pretoria er også eit namn med klang i ei vond historie for fleirtalet her.
Kanskje forsvinn også det namnet snart heilt?
Kommunen har allereie bytta namn til Tshwane.
mandag 21. mai 2012
Snuoperasjon
Så har det snudd.
Det er ikkje lenger varmare her enn heime.
Den rare vinteren i Sør-Afrika har kome med
5 grader om morgonen,
gassovnar og
ullundertøy.
Det er
kaldt i huset
og varmt i sola.
Vinteraktivitetar: *Te og pledd på Duncan. *Strikke vottar. *Bruke dei fine ulltøflane frå Ove. *Evakuere ut på verandaen for å bli varm av sola.
Det er ikkje lenger varmare her enn heime.
Den rare vinteren i Sør-Afrika har kome med
5 grader om morgonen,
gassovnar og
ullundertøy.
Det er
kaldt i huset
og varmt i sola.
Vinteraktivitetar: *Te og pledd på Duncan. *Strikke vottar. *Bruke dei fine ulltøflane frå Ove. *Evakuere ut på verandaen for å bli varm av sola.
Kjøttfri måndag: Butternutsuppe
Psst.. Det er eigentleg Herr Kobbeltvedt
som er best til å lage middagsmat her i huset.
Butternut-suppe for eksempel.
Fy søren så godt!
Her er oppskrifta.
torsdag 17. mai 2012
Hipp, hipp hurra!
Nokre glimt frå den norske koloniens
17.mai-feiring her i Pretoria.
Gratulerer med dagen!
Gratulerer med dagen!
Abonner på:
Innlegg (Atom)



