onsdag 28. mars 2012
heimekontor FTW?
Herr Kobbeltvedt junior og underteikna deler heimekontor i dag,
medan besøket slappar av mellom ferieslaga.
Å ha heimekontor er litt både og,
særleg om ein har ambisjonar om å få gjort noko.
Vanlegvis må eg kjempe med min eigen (manglande) konsentrasjon,
i dag er det litt meir liv på "kontoret".
For nokre tankar om utfordringane med heimekontor
(og ein liten overlevingsguide),
anbefalar eg denne bloggposten.
tirsdag 27. mars 2012
På verdas talarstol
Innimellom baking, handarbeid og fruelunsjer,
skribla eg før jul på ein rapport for min gamle arbeidsgjevar.
I dag blei rapporten "På verdas talarstol" lansert i Oslo.
Den handlar ungdom si deltaking i FN, og spesielt
om den norske ordninga der ein sender ungdomsdelegatar til FN-møte.
Om nokon har lyst til å lese i rapporten, kan de laste den ned her.
onsdag 21. mars 2012
Human Rights Day
I dag er det Human Rights Day i Sør-Afrika. Fridagen er til minne om Sharpeville masakereren der 69 svarte demonstrantar blei drepne, på denne dagen i 1960. Dei demonstrerte mot loven som tvinga dei til alltid å ha på seg passet, og som gjorde at svarte ikkje kunne bevege seg fritt i sitt eige land. For det opna politiet eld mot dei og skaut dei ned.
Sør-Afrika har i dag ein av verdas beste grunnlover, der menneskerettane står sterkt. Så i dag minnast ein det som skjedde i Sharpeville, men ein feirar også rettane alle innbyggjarar i landet no har fått.
Vertfall på papiret.
tirsdag 20. mars 2012
Hurra for Aasta!
Feiringa av Aasta sine 70 år starta i dag i Pretoria.
I morgo reiser me alle saman til Cape Town for å feire vidare der.
Gratulerer med dagen mamma og svigermor!
I morgo reiser me alle saman til Cape Town for å feire vidare der.
Gratulerer med dagen mamma og svigermor!
lørdag 17. mars 2012
Oscar-show
I kategorien "dyre ting ein ikkje treng"
legg eg no til katteleiker frå butikk.
Alt Oscar treng, er eit blad frå hagen og ei rye.
Så blir det Oscar-show på ein vanleg torsdagskveld.
legg eg no til katteleiker frå butikk.
Alt Oscar treng, er eit blad frå hagen og ei rye.
Så blir det Oscar-show på ein vanleg torsdagskveld.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


