tirsdag 27. september 2011

Møt Oscar

Familien Svendseid/Kobbeltvedt har fått eit nytt familiemedlem: Oscar!



Oscar (1) blei funne på gata saman med systera si då han var liten kattunge. Snille mennesker tok han med til ei gammal dame som heiter Avril, som driver organisasjonen CATS' 9 LIVES. Sidan då har Oscar budd heime hos Avril saman med andre forlatne katter.

På søndag var vi og helsa på han, og på mandag henta vi han heim til oss. Fyrst gøymte han seg under eit teppe, men no maler han og utforskar sin nye heim.


mandag 26. september 2011

Følg Mrs Bergit

For dei av dykk som bruker sida bloglovin.com

Follow my blog with Bloglovin



(Resten treng ikkje bry seg om denne posten)

søndag 25. september 2011

Våren er her



... og det er jammen meg jula også. 

Ut i naturen


Etter ankomst til Sør-Afrika har Herr Kobbeltvedt vore på tur til både Cape Town, Durban og ikkje minst Madagaskar. Førre helg var difor målet at også underteikna skulle få sett litt meir av landet vi har flytta til - og at vi skulle få brukt turskoa.

Trykk på videoen under for å bli med oss til Drakensberg!





torsdag 15. september 2011

Ganske snart...

... skal eg fylle denne bloggen med smått og stort frå kvardagen vår i Sør-Afrika!