Dagen før dagen handlar vanlegvis om å stryke bunadsskjorter og fjerne flekkar frå stakken, om ein gløymte det i fjor. Sidan bunaden ikkje er innan rekkevidde, får eg dele denne artikkelen i staden.
I artikkel fortel dama frå Husfliden at fleire og fleire menn i 20-årsalderen skaffar seg bunad. Ho synest også å merke at også motebevisste menn no vel bunad, og legg til: "Blant dei som er eldre trur eg mange har lyst til å matche kona."
- Eg vil klappe ei løve!
Det var det einaste ønsket min bror (25) hadde då han kom til besøk til oss i Sør-Afrika.
Så difor reiste vi til ein park der han fekk klappe både løver og gepardar.
Neste gong får han nøye seg med ein vanleg safaritur, trygt inne i ein bil.